page view image

KVADBAD - konsert og plateslepp

Informasjon
event image

Rakkarpakk slepp plate og inviterer DEG til lanseringskonsert! Rakkarpakk har eit spesielt forhold til Vågå, spesielt fordi vår kjære Martin er herfrå, derfor er det naturleg for oss å ta turen hit på vår lille turné! Det blir konsert i Vågå Prestegårds koselige lokale + plateslepp!

Rakkarpakk:
Rakkarpakk er Martin Steinum Brun, Vera Sonne og Victoria Oftestad. Me er ein kvedartrio som baserer seg på den vokale, norske tradisjonsmusikken i eit trestemt format. Forteljing og folkesong har alltid gått hand i hand. Gjennom århundrar har historier og songar vorte spreia i situasjonar der folk møtest, og vi brenner for å skape nære konsertopplevingar der publikum kjem nærare musikken.

Kvadbad:
Albumet "Kvadbad" kjem ut på Melovitten plateselskap og er laga i samarbeid med teknikar Audun Strype og produsent Ståle Ytterli for at DU skal kunne nyte KVADBAD i di eige stove. Me har også vore så heldige og få stønad frå Furestiftelsen, CREOs vederlagsfond og BandOrg.

Pre-save her:
https://orcd.co/pre_kvadbad


Me spelar også her:

16. februar - Oslo Badstuforening, 1830 og 2030

17. februar - barnekonsert Saupstad bibliotek Trondheim, 1300

18. februar - barnekonsert hovedbiblioteket Trondheim, 1300

18. februar - badstukonsert på HAVET, 1900

19. februar - badstukonsert Vågå, 1900

20. februar - konsert Ullinsvin, 1900

22. februar - konsert Riksscenen, 2030 


For mer info:

Rakkarpakk.no

https://www.facebook.com/Rakkarpakk