page view image

Førjulstonar med Rakkarpakk og Amalie Kinsarvik Tvilde (Oslo)

EVENT INFORMATION
event image

Rakkarpakk og toradarspelaren Amalie Kinsarvik Tvilde gjentek suksesskonserten tredje år på rad og inviterer til førjulskonsert! Det blir gjenhøyr med mange kjente og kjære julesongar frå den norske songskatten - i heilt ny drakt!


Vi skal holde konserter i...:


Oslo - 18. desember (klokka 18) i Capella Johannea (Majorstuen kirke)

Bergen - 19. desember (klokka 12) i Amalies hage

Kinsarvik - 20. desember (klokka 19) i Kinsarvik kirke


Om Rakkarpakk:

Rakkarpakk er ein kvedartrio som baserer seg på den vokale, norske tradisjonsmusikken i eit trestemt format. Med påverknad frå, og dyrking av medlemma si verksemd innan andre sjangrar som tidlegmusikk, improvisasjonsmusikk og ensemblesong, skapast gruppa sitt unike uttrykk. I musikken fokuserer me på ein improvisatorisk tilnærming til arrangering, som ivaretek den solistiske kvedartradisjonen, men òg utfordrar dei etablerte rammane for vokal folkemusikk i ensemblesamanheng. Forteljing og folkesong har alltid gått hand i hand. Gjennom århundrar har historier og songar vorte spreia i situasjonar der folk møtest, og det er denne forteljartradisjonen Rakkarpakk som gruppe identifiserar seg med og vil utforske. Me set pris på både tradisjonskunnskap og leik i vårt uredde uttrykk. Me er rakkarar. 


Rakkarpakk gjorde en pangdebut i open klasse på Landskappleiken 2019. Sidan då har me gjennomført tre juleturnear (streamingkonsert i 2020) derav to i samarbeid med toraderspelar Amalie Kinsarvik Tvilde, ein konsertserie på Fuglen i Oslo samt sumarturneen i Jotunheimen (totalt 5 konsertar) i 2021. Nå er dei vertskap for konsertserien KVADBAD i badstuene på Sukkerbiten.


rakkarpakk.no


Om Amalie Kinsarvik Tvilde:

Amalie Kinsarvik Tvilde

Amalie er blant dei fremste utøvarane i den nye generasjonen i norsk folkemusikk, og har hevda seg godt på ulike kappleikar. Ho tek i dag ein utøvende bachelor i folkemusikk ved Norges musikkhøgskole, der ho arbeidar med ulike prosjekt både solistisk og i samspel. Ho arbeidar med å overføre hardingfeleslåttar til torader, og utfordrar stadig grensene til det tradisjonelle toraderspelet.


Billettpris:

Vaksne: 225,-

Student: 150,-

Gratis for born og unge under 12