Førjulstonar med Rakkarpakk og Amalie Kinsarvik Tvilde - Kinsarvik

Rakkarpakk og toradarspelaren Amalie Kinsarvik Tvilde gjentek suksessen for tredje år på rad og legg ut på turné! I år tar me for fyrste gong turen til Vestlandet og inviterer til førjulskonsert i Kinsarvik kirke.
Det blir gjenhøyr med mange kjente og kjære julesongar frå den norske songskatten - i heilt ny drakt!
Vi skal holde konserter i...:
Oslo - 18. desember (klokka 18) i Capella Johannea (Majorstuen kirke)
Bergen - 19. desember (klokka 12) i Amalies hage
Kinsarvik - 20. desember (klokka 19) i Kinsarvik kirke
Om Rakkarpakk:
Rakkarpakk er ein kvedartrio som baserer seg på den vokale, norske tradisjonsmusikken i eit trestemt format. Med påverknad frå, og dyrking av medlemma si verksemd innan andre sjangrar som tidlegmusikk, improvisasjonsmusikk og ensemblesong, skapast gruppa sitt unike uttrykk. I musikken fokuserer me på ein improvisatorisk tilnærming til arrangering, som ivaretek den solistiske kvedartradisjonen, men òg utfordrar dei etablerte rammane for vokal folkemusikk i ensemblesamanheng. Forteljing og folkesong har alltid gått hand i hand. Gjennom århundrar har historier og songar vorte spreia i situasjonar der folk møtest, og det er denne forteljartradisjonen Rakkarpakk som gruppe identifiserar seg med og vil utforske. Me set pris på både tradisjonskunnskap og leik i vårt uredde uttrykk. Me er rakkarar.
Rakkarpakk gjorde en pangdebut i open klasse på Landskappleiken 2019. Sidan då har me gjennomført tre juleturnear (streamingkonsert i 2020) derav to i samarbeid med toraderspelar Amalie Kinsarvik Tvilde, ein konsertserie på Fuglen i Oslo samt sumarturneen i Jotunheimen (totalt 5 konsertar) i 2021. Nå er dei vertskap for konsertserien KVADBAD i badstuene på Sukkerbiten.
rakkarpakk.no
Om Amalie Kinsarvik Tvilde:
Amalie Kinsarvik Tvilde er blant dei fremste utøvarane i den nye generasjonen i norsk folkemusikk, og har hevda seg godt på ulike kappleikar. Ho tek i dag ein utøvende bachelor i folkemusikk ved Norges musikkhøgskole, der ho arbeidar med ulike prosjekt både solistisk og i samspel. Ho arbeidar med å overføre hardingfeleslåttar til torader, og utfordrar stadig grensene til det tradisjonelle toraderspelet.
Billettpris:
Vaksen: 225,-
Student: 150,-
Barn under 12 år - gratis